Breheim Nett AS er nettselskapet til Luster Energiverk AS. Selskapet er lokalisert i Gaupne i Sogn og står for drifting og vedlikehald av straumnettet i Luster kommune.
Breheim Nett nyttar HMS aktivt for å sikre og ivareta alle tilsette og er tilknytt Bedriftshelse1.
Til å vera med å utvikla selskapet vidare søkjer me :
Energimontør
Arbeidsoppgåvene vert frå montasje på større prosjekt til service og vedlikehaldsoppdrag. Ein må pårekna deltaking i vaktordning.
Me ser etter ein strukturert og sjølvstendig medarbeidar med gode samarbeidsevner, og som ynskjer fagleg og personleg utvikling i eit interessant miljø.
Krav til kvalifikasjonar :
Fagbrev energimontør.
Førarkort klasse B.
Selskapet tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med Hallgeir Hatlevoll på telefon 917 63 755 eller Anders Molland på telefon 916 01 175.
Kortfatta søknad med CV kan sendast innan 27.mai 2022 til firmapost@lusterenergiverk.no eller som brev til
Breheim Nett AS, Gaupnegrandane 4, 6868 Gaupne.