Utsetting av ny prismodell for nettleige 2022

Publisert av luster_admin

20.12.21, kl 15:52

Breheim Nett har vedteke å utsetje innføring av ny nettleigemodell, som var planlagt å gjelde frå 1. januar 2022.


Ny nettleigemodell vart i si tid politisk bestemt med det mål om å bruke straumnettet vårt smartare. Det vil minske behovet for kostbare investeringar, og redusere unødvendig utbygging av kraftlinjer i norsk natur. Å dimensjonere nettet for å handtere stadig høgare toppar i forbruket, i staden for å innføre ny nettleige, vil kunne bli kostbart for norske hushaldingar på sikt.

No som det politiske fleirtalet har snudd og er imot innføring av ny nettleigemodell frå 1. januar 2022, finn Breheim Nett det likevel rett å utsetje modellen på ubestemt tid.


Me ber om at våre kundar ser vekk frå tilsendt informasjon om ny nettleigemodell frå 01.01.2022, og inntil vidare vil dagens nett-tariffar verta vidareført.


De kan trykke på linkane under for å komme til førebelse tariffar for 2022