Bekymringsmelding
Det er mange grunnar til at folk kan vere bekymra for eltryggleiken. Du er kanskje usikker på om elanlegget er i orden eller om det elektriske utstyret ikkje verkar som det skal. Dette kan du gjere noko med!
Eigar og brukar av elanlegg og utstyr er sjølv ansvarlege for at alt er i orden og brukast på ein forsvarleg måte. Dette vil også seie eit ansvar for å ta faresignal på alvor og syte for nødvendige tiltak slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar.
Om du kjenner til tilhøve knytte til elektrisitet som kan føre til fare for deg eller andre, kan du dele bekymringa di med Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE). Før du sender inn ei eventuell bekymring til DLE, bør du likevel først vurdere om tilhøvet kan løysast på andre måtar. De kan sende inn bekymringsmelding anonymt via kontaktskjema under:
For å vere anonym kan du bruke post@lusterenerginett.no som e-post og Ola Nordmann som fullt namn.
For direkte kontakt kan de bruke kontaktinformasjonen under:
Lasse Tuften | Fagansvarleg - Tilsyn | Mobil: 91526329 |
Tor Einar Ødegård Bjørk | Tilsyn | Mobil: 91106357 |