Breheim Nett er nettselskapet i Luster og har vakttelefon: 97070911 for akutte problemer vedrørande linjenettet.
Vi ynskjer at det blir meldt inn til oss vist ein har observert noko som kan være nyttig ved feilsøk.
Ser ein noko som kan vera til fare for straumnettet, ynskjer me å få tilbakemelding om dette så raskt som mogleg.
Ved større feil kan ein oppleva å ikkje komme i kontakt med vakta, men ein kan då legge att melding på vakt tlf.
Farlege forhold kan til dømes vera:
- Straumskåp som står ope
- Trefall over straumledning
- Tre som skaper spenn i straumleidning
- Straumleidning som ligg i bakken eller nær bakken
Det er svært viktig at ein held god avstand til leidningar som heng lågt, eller ligg på bakken.
Ledningen kan være straumførande, og gi alvorlege skader dersom du kjem for nær eller i kontakt med den.
Det blir sendt ut varsel til kundar på sms med beskjedar ved større feil og ein kan sjå status på straumstanskartet vårt, Straumstanskart - Breheim Nett AS