Ynskjer du å installere ladar for elbil heime?
Toler heimen din lading av elbil? Nokre brukar vanlege stikkontaktar, men dette anbefalast ikkje.
Dersom du ynskjer å installere ladar for elbil, treng me nokre opplysningar for å få sjekka att straumnettet har tilstrekkeleg kapasitet i ditt område.
Me anbefaler våre kundar å kontakte autorisert installatør for å planlagt installasjon av elbilladar.
Installatøren handterer eventuelle endringar, og sender «melding om installasjonsarbeid» til Breheim Nett. Breheim Nett ynskjer at installatør sender melding dersom elbilladar er over 16 A eller 3,68 kW.
Breheim Nett praktiserer ordninga med anleggsbidrag, som andre nettselskap. Den som ynskjer tiltak i nettet for å få auka kapasitet, må derfor ta kostnad med oppgradering. Ynskje om høgare overbelastningsvern i det elektriske anlegget vil derfor kunne utløyse anleggsbidrag.