Velkomen til Breheim Nett AS

Breheim Nett AS er det nye nettselskapet til Luster Energiverk AS.

Breheim Nett finn du inst i Sognefjorden, omkransa av Jostedalsbreen i Nord og Jotunheimen i Aust.
Me har kontor i Gaupne og me står for drifting og vedlikehald av straumnettet i Luster kommune. Straumnettet omfattar både høgspenningsnettet som overfører straumen, og lågspenningsnettet som fordeler straumen til kvar kunde.

Straumnettet vårt i Luster består av 202 km med høgspentlinjer, 74 km med høgspentkabler i bakken, 257 km med lågspentlinjer og 161 km med lågspentkabler i bakken.

Nettleige for 2024 er klar

Breheim Nett sender ut ekstra betalingspåminning

Nettleige for 2023 finn du her

Ynskjer du å installere ladar for elbil heime?

Nettkunde

Som nettkunde hjå oss, gjev vi deg full oversikt over alt du treng å vite om ditt forbruk, og dine betalingar. Slik at du kan føle deg trygg på kva du gjer. På mi side har du tilgang til:

Originale fakturaer frå Breheim Nett

Ferske måleverdier

Informasjon om målepunktet ditt

Skal du bygge?

Dersom du skal bygge eller restaurere hus, hytte eller næringsbygg er det viktig å planlegge tilførsel av straum på eit tidleg tidspunkt. For å få rett dimensjon på inntakskablar, trekkerøyr og jording er det viktig å ta kontakt med både nettselskap og elektroinstallatør tidleg i planleggingsfasen.