I 2018 fekk flesteparten av nettkundane i vårt nettområde smart straummålar(AMS). Målarane gjer at me blant anna får automatisk avlesing, timevis registrering av straumforbruket og meir korrekt avrekning av forbruket til våre kundar.
Som nettselskap hjelper målarane oss med å finne feil hurtigere og det kan føre til færre feil og straumbrot i linjenettet i framtida.

Alle nye AMS-målarar kjem med ein HAN-port. HAN står for “Home Area Network” og er ein eigen fysisk utgang som er på AMS-straummålaren din. Om du ønskjer kan du kople utstyr til denne porten som kan gi deg tilgang til forbruksdata og meir detaljert informasjon om straumforbruk, spenningsnivå, overskotskraft og mykje meir.

Mange straummålarar står gjerne i eit sikringsskåp som er i ein trappeoppgang, eit teknisk rom eller andre område der andre personar kan ferdast. Nettselskapet har difor valt å halde HAN-porten stengt slik at ingen uvedkomande får tilgang til informasjon om straumforbruket ditt. Hjå Norsk Elektronisk Komite har de høve å sjå kven som tilbyr utstyr til HAN-port som gjer at du kan få ut sanntidsinformasjon frå målaren din.

Om du ønskjer å ta i bruk HAN-porten kan du bestille dette gratis ved å sende ein førespurnad og ein samtykkeerklæring til nettselskapet ditt.

Når du har bestilt opning av HAN-porten overtek du sjølv ansvaret for at ingen uvedkomande skal få informasjon om straumforbruket ditt via HAN-porten, så om straummålaren står ein plass der andre ferdast rår vi til at du sikrar skåpet med lås.

Send inn førespurnad og erklæring via skjemaet under. Erklæringa finn de ved å trykke på les vilkår i kontaktskjemaet.

Kontaktskjema for opning av HAN-port
* obligatorisk informasjon