Om du skal bygge nytt hus, hytte eller næringsbygg er det viktig å planlegge tilførsel av straum på eit tidleg tidspunkt. For å få rett dimensjon på inntakskablar, trekkerøyr og jording er det viktig å ta kontakt med både nettselskap og elektroinstallatør tidleg i planleggingsfasen. Grøfter for inntakskabel og jording er noko av det første ein må tenkje på.

I bustad- og fritidsbygg skal det nyttast felles utvendig tilknytningsskåp for straum og fiber. Det er her målaren skal monterast. Det er naturleg at ein brukar entreprenøren som er på staden til etablering av kabelgrøft fram til tilknytingsskåpet. Nettselskapet leverer inntakskabel og koblar til denne. Det varierer om det er entreprenør eller nettselskap som legg sjølve kabelen. I tilfelle der det er praktisk mogleg å gjennomføre, koblar ein byggjestraumskåpet til tilknytningsskåpet.

Ønskjer du å knyte deg til straumnettet, er framgangsmåten slik:

  • Ta kontakt med oss slik at vi kan avklare om det er straumnett og ledig kapasitet i det området du skal byggje.
  • Det kan også vere smart å avklare tilkopling med andre instansar som vatn, avløp og fiber som ofte skal ned i felles grøft.
  • Kostnaden med nødvendig etablering eller forsterking av straumnettet må dekkjast av kunde. Denne kostnaden blir rekna ut etter gjeldande reglar for anleggsbidrag. Nettselskapet vil sende ut kalkyle for tilkobling i forkant av tilkobling.
  • Du må kontakte ein godkjend installatør til å utføre den elektriske installasjonen. Det er installatøren som skal sende ei førehandsmelding til oss før arbeidet startar. Denne meldinga skal innehalde dei viktigaste detaljane om deg som kunde og nødvendige data om installasjonen som er nødvendige for å behandle søknaden.
  • Etter å ha motteke søknad om tilknytning frå installatør, vil kostnaden (anleggsbidrag) bli kalkulert og sendt til deg som kunde. Tilknytningsvilkår finn de her
  • Det er viktig at vi får returnert signert avtale og aksept av kalkulert kostnad før vi startar på arbeidet med tilkoplinga.
  • Når installasjonsarbeidet er ferdig og klart for tilknytning, sender installatøren ei ferdigmelding til oss.
  • Vi monterer målar, koblar til anlegget og sender faktura på tilknytning.
  • Ein må velje straumleverandør. Om ein ikkje vel leverandør vil ein automatisk få ein pliktleveransekontrakt med nettselskapet. Desse avtalane er normalt kostbare, og ein bør velje straumleverandør. Sjå liste over aktuelle straumleverandørar på Strømpriser.

Om du treng straumuttak til maskiner, lys og varme i byggeperioden, kan du bestille byggestraum ved å sende inn søknad om byggestraum.
Hugs å bestille byggestraumen i god tid, minst 14 dagar på førehand! Om det må byggast linje fram til skapet må kunden sjølv betale dette.
Kostnader for leige, til- og fråkobling og straum finn du i tariffane våre.

Bestillingsskjema for byggestraum finn de under.

Kunde (privat)
Faktura
Anlegg
* obligatorisk informasjon