Betaling av faktura

Kunden har fleire alternativer for å få og betale straumrekningane sine. Desse er eFaktura, Avtalegiro, faktura til din digitale postkasse(Digipost), fakturavarsling på e-post eller få faktura til den fysiske postkassen.

E-faktura er den mest føretrekte distribusjonskanalen for oss og gjer det sikkert at du som kunde får fakturaen til riktig tidspunkt. Faktura kjem direkte til nettbanken din og er ferdig utfylt, så det er berre å godkjenne. Kundar kan også kombinere e-faktura med avtalegiro som gjer at du ikkje treng å godkjenne fakturaen. Fakturaen blir då automatisk trekt på forfallsdato. Desse avtalane kan du opprette hjå din lokale bank og meldingar om at du har oppretta dei kjem direkte til oss utan at du treng å ta kontakt med oss.

Ta gjerne kontakt med oss om de vil gå over til digital løysing eller om de har spørsmål!

Innfordringsrutinar

Kredinor føl opp Breheim Nett AS sine uteståande krav hjå kundane. Me sender straumrekninga med forfall den siste dagen i månaden, men dersom betaling ikkje er motteke innan forfall vil dykk få ein betalingspåminning/inkassovarsel med 14. dagers betalingsfrist. Dersom me ikkje mottek innbetaling innan denne fristen vil Kredinor overta kravet, og inndrivingskostnader vil komme i tillegg.

Gebyr
Purring kr. 35,-
Ved for sein betaling vert det lagt til rente 8 % p.a.

Faktura blir sendt ut kvar månad til våre kundar for forbruket i månaden før.

* obligatorisk informasjon