Generell info
Noreg er ein del av den nordeuropeiske kraftmarknaden og alle norske leverandørar kjøper inn straum på den nordiske kraftbørsen Nord Pool Spot. Det er nettselskapa og kraftprodusentane som arbeider med produksjon av straum, fyllingsgrad i vassmagasin, eksport til utlandet eller kraftkablar. Krafta som blir produsert kjøpast og seljast på Nord Pool Spot der prisen blir bestemt av tilbod og etterspurnad. Mykje straum til sals i marknaden gjev lågare prisar, medan stor etterspurnad vil føre til at prisane aukar. Sluttprisen på straum vil med andre ord svinge i takt med svingingane på kraftbørsen.
Skifte kraftleverandør
Om du ønskjer å byte kraftleverandør kan dette gjerast enkelt ved å kontakte kraftleverandøren som du ønskjer å inngå avtale med, men nokre gongar kan også det bli ei utfordring. Det finst trass alt mange kraftleverandørar i Noreg, og minst like mange ulike kraftavtalar. Forbrukarrådet har difor oppretta tenesta “Straumpris” slik at det skal bli lettare for deg som kunde å finne ut kven som kan levere ein kraftavtale til straummålaren din, og samstundes få ei betre oversikt over kva avtale som blir den beste for deg. Du kjem direkte til tenesta ved å trykke på linken under:
Varedeklarasjon
Varedeklarasjonen til NVE tek utgangspunkt i ei oversikt over kraftkjøp med og utan opphavsgarantiar. Oversikta viser korleis straumen i gjennomsnitt er produsert for kundar som har valt ikkje å kjøpe opphavsgarantiar. Utrekninga skjer ved å ta summen av norsk, fornybar produksjon og trekkje frå netto selde opphavsgarantiar. Denne andelen erstattast med såkalla «gjennomsnittleg europeisk produksjonsmiks» – som vil vere ei blanding av fornybart, fossilt og kjernekraft. Varedeklarasjonen seier ikkje noko om kva som reint fysisk blir levert i stikkontakten din.