Tariffar
Prisar for nettleige er utarbeidde etter «Forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og overføringstariffer» fastsett av N.V.E. med heimel i forskrift av 7. desember 1990 nr. 959 § 7-1, gitt i medhald av Energiloven.


Tariffane er bygde opp der det blir lagt spesiell vekt på:


  • Klare definisjonar på tilknytingspunktet til kundane (nettnivå).
  • Tariffane sin referanse mot tilknytingspunktet.
  • Tariffane si oppbygging og kopling mot tariffane i overliggjande nett.
  • Ikkje diskriminerande tariffar.
  • Overbelastingsvernet er knytt opp mot tariffen og kan normalt ikkje setjast ned. Nettnivå 4 og 5 er slegne saman og det nyttast kvantum differensiering på fastbeløpet.

Beregning av nettleige 2022


Kunde med forbruk under 100 000 kWh


Fastledd Trinn 0-5 kWh225 kr/mnd2700 kr/år
Meirverdiavgift - til staten

45 kr/mnd

540kr/år
EnergileddetEksempel sommar NattEksempel sommar dag


28,64 øre/kWh
38,64 øre/kWh
Nettleige som går til drift og vedlikehald av nettet
6,5 øre/kwh
14,5 øre/kWh
Energifondet - til staten (Enova)
1 øre/kWh
1 øre/kWh
Forbruksavgift - til staten
15,41 øre/kWh
15,41 øre/kWh
Meirverdiavgift - til staten
5,7275 øre/kWh
7,7275 øre/kWh



Moms blir avrekna med 25 %.


Forbruksavgift er frå 1.1.2022
I januar til og med mars vil den vere 8,91 øre/kWh eks mva.


Resten av året vil den vere 15,41 øre/kWh eks mva.


Enova - husholdning:
1,0 øre pr kWh ekskl. mva


Enova - næring:
800 kr/år




Informasjon om nettleige
Når du brukar straum må du betale for to produkt. Du betaler ein kraftpris for straumen du kjøper frå kraftleverandøren du har valt, og i tillegg betaler du nettleige til det lokale nettselskapet for transport av denne straumen.

Nettleiga skal gi nettselskapet inntekter til dekking av kostnadene ved transport av straum, gitt effektiv drift, utnytting og utvikling av nettet. Det er nettselskapet sjølv som fastset nettleiga, men NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) kontrollerer at inntekta nettselskapet hentar inn gjennom nettleiga ikkje er høgare enn det nettselskapet totalt har lov til å ta seg betalt frå kundane sine. (Kjelde: NVE)

Leveringsplikt
Om du ikkje har inngått avtale med ein kraftleverandør vil du bli sett på ein leveringspliktig straumavtale hos nettselskapet ditt. Nettselskapet er pliktig til å selje deg straum fram til du har valt deg ein kraftleverandør, og dette kallast for leveringsplikt eller ventetariff.

Denne ordninga er meint for å vere ei mellombels løysing, så prisen på leveringspliktig straum frå nettselskapet er høgare enn det som ein kraftleverandør vil kunne tilby deg:

Dei første 6 vekene er prisen for leveringspliktig straum spotpris samt eit påslag på 6,25 øre/kWh. (5 øre/kWh eks. mva.)

Etter 6 veker er nettselskapet pålagt å auke påslaget ytterlegare for å oppfordre kundane til å velje seg ein eigen kraftleverandør. Difor vil det vere lønsamt for deg å opprette ein ny straumavtale hos ein kraftleverandør så snart som mogleg.

Om du ønskjer meir informasjon om kva kraftleverandørar du kan velje kan du trykke her. (Link til Om straummarknaden > Skifte kraftleverandør)