I Februar 2019 vart ELHUB satt i drift. Det er ein nasjonal datasentral, og inneheld data om alle straumkundar og målepunkta i Norge. Denne har kunde, netteigar og kraftleverandør tilgang til.

Viss du som kunde skal flytte er det kraftleverandøren som skal ha beskjed om det.

NVE vil ha fram skilje mellom kva oppgåver som kraftleverandørane har og kva oppgåver nettselskapet skal utføre: Det har blitt tydeligare med innføringa av Elhub.

Ta kontakt med kraftleverandøren din når det gjeld følgande:

  • Din postadresse
  • Din fakturaadresse
  • Ditt mobilnummer
  • Din e-postadresse
  • Straumpris og avtalar
  • Flytting

Ta kontakt med Breheim Nett når det gjeld følgande:

  • Straummålaren
  • Tilknytning/nybygg/byggestraum
  • Leveringskvalitet (Spenningsfeil)
  • Jordfeil
  • Gravemeldinger
  • Planlagde straumutkoblingar
  • Straumbrot
  • Andre tekniske forhold om ditt anlegg og straumnettet
  • Fakturaer sendt frå Breheim Nett AS

Via kontaktskjemaet under kan de som kundar sende inn spørsmål eller informasjon om skifte:

Informasjon til netteigar
* obligatorisk informasjon