Ei viktig oppgåve for nettselskapa er skogrydding av linjetrasear. Forskrifta krev dette ut frå omsynet til sikker straumlevering og persontryggleik. Skogrydding langs linjetraseane skjer heile året i traseane for både høgspent- og lågspentlinjer.

Etter retningslinjene våre kvistar vi trea og legg igjen treverket i traseen. Hogstavfall blir liggjande igjen i utmarksområde, innmarksområde og i private hagar.

Grunneigarar skal informerast i god tid før skogrydding startar.

Om du sjølv ønskjer å felle tre som står nær ei kraftlinje, må du kontakte oss for å få råd eller hjelp til felling. Ta alltid kontakt med oss om du skal felle tre nær høgspentlinjer! Tre som er i kontakt med høgspentlinjer utgjer livsfare for personar og dyr i nærleiken!

* obligatorisk informasjon