Ein plusskunde produserer straum til eige forbruk, og kan i periodar produsere meir straum enn kunden sjølv brukar. Eit anlegg hos ein plusskunde kan maksimalt levere inn 100 kW i straumnettet.
Etter at kunde har bestilt anlegg hjå sin valgte leverandør, er installatør ansvarleg for å melde inn anlegget til Breheim Nett AS for godkjenning. Installatør kan ta kontakt med Lasse Tuften for meir informasjon vedrørande meldingsprosessen.
Det er viktig at Breheim Nett AS blir involvert tidlig i prosessen for å sikre ein god gjennomføring av anlegget.
Meir informasjon om plusskundeordninga kan de lese på NVE sine sider samt på linkane under.