Breheim Nett skal levera straum med rett kvalitet til lågast mogleg totalkostnad. Effektiv drift av vårt kraftnett må alltid skje innanfor dei rammevilkår som myndigheitene gjev oss.

Leveringskvalitet er eit samleord som omfattar leveringstryggleik og spenningskvalitet. 1 januar 2005 kom det ei ny forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet. Forskrifta skal medverke til at kvaliteten på elektrisiteten som forbrukarar og næringsverksemd får levert, er tilfredstillande.

For å sjå våre retningslinjer for leveringskvalitet trykk her