Mange bustadbrannar startar i det elektriske anlegget og kunne vore unngått med ein regelmessig sjekk. Det Lokale eltilsyn jobbar for å redusere brann, ulykker og skadar på grunn av elektrisk straum og står årleg for fleire bustadkontrollar, dette for å sikre deg og dine for å unngå brann og elektriske farar.
Eltilsyn i bustader og verksemder
Nettselskap er med heimel i eltilsynslova pålagde å drive tilsyn på elektriske anlegg innan forsyningsområda sine. Meininga med tilsyna er å førebyggje brannar og ulykker forårsaka av straum.
Som huseigar er du pliktig til å la eltilsynet få tilgang til det elektriske anlegget i bustaden din. Du betalar ingenting ekstra for dette tilsynet sidan det allereie er betalt som ein del av nettleiga. Under tilsynet blir det sett etter avvik som kan føre til brann, ulykke eller skade på personar. Om vi avdekkjer avvik vil vi sende eit varsel som skildrar kva manglar anlegget har og kva du må gjere for å utbetre dette.
Det formelle namnet på tilsynseininga er Det Lokale Eltilsyn (DLE). Tilsynet er heimla i el-tilsynslova og retningslinjer for arbeidet er gitt av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). DLE har styresmakt til å kontrollere og vedta utbetring av eventuelle farlege tilhøve i anlegget til kunden.
DLE har mellom anna følgjande arbeidsoppgåver:
- Utføre tilsyn i private heimar og verksemder
- Drive aktivt informasjonsarbeid
- Svare på førespurnader frå publikum, elektrobransjen og andre næringsverksemder om bruk av elektrisitet og elektrisk utstyr
- Følgje opp meldingar frå publikum om tilhøve som kan vere forskriftsstridige eller bekymringsverdige
- Hjelpe politi og brannvesen i etterforsking av brannar
- Informere om eltryggleik i skoleverket
Hjå Breheim Nett AS kan de ta kontakt med Lasse Tuften og Tor Einar Ødegård Bjørk for informasjon om eltryggleik og tilsyn.
Er du bekymra for ditt eige elanlegg
Om du har mistanke om at det er feil i elanlegget ditt, pliktar du som eigar å kontakte ei registrert installasjonsverksemd for å få avklart dette og utbetra eventuelle feil. Leigetakarar har også eit ansvar for at elanlegget dei brukar er i orden. Om du som leigetakar oppdagar feil på elanlegget, må du snarast melde frå til eigar om dette. Kven som skal syte for vedlikehald og utbetring av feil bør kome fram av leigekontrakten.
Er du bekymra for ulovlege installasjonsarbeidarar?
DLE har som prioritert oppgåve å følgje opp verksemder og personar som ulovleg utfører installasjonsarbeid. Om du har kjennskap til slike aktivitetar, kan du sende inn ei bekymringsmelding til oss, gjerne på e-post.