Om ein kjem i kontakt med kraftlinjer, jordkablar eller andre elektriske installasjonar, er dette livsfarleg. Dette gjeld både for høg- og lågspentanlegg! Skade på straumkablar og -linjer kan få store konsekvensar. Menneske, dyr og utstyr kan kome til skade, og verksemder og privatpersonar kan bli påførte økonomisk tap og praktiske vanskar. Nettselskapet får avbrotskostnader, i tillegg til utgifter til feilsøk og reparasjon.
Arbeid nær luftlinjer
Om det skal gjerast arbeid med anleggsmaskiner nærare høgspentlinjer enn 30 meter, skal netteigar varslast. Dette gjeld arbeid med gravemaskin, kranar, betongpumpebil, boreriggar, skogsmaskiner og alt anna utstyr med stor rekkevidde. Dette gjeld og for trefelling nær høgspentlinjer.
Kontakt nettselskapet på vakttelefon 970 70 911 eller send inn skjema for arbeid nær nettanlegg innan tre dagar før arbeidet skal skje.
Når nettselskapet blir varsla om eit arbeid, vil vi gjere ei vurdering i samarbeid med utførande entreprenør. Nettselskapet vil identifisere farar, fastsetje tryggingstiltak og orientere om kva prosedyrar som må følgjast. Nettselskapet tek ikkje betalt for desse tenestene.
Om nettselskapet ikkje er varsla om arbeidet, vil utførande bli erstatningspliktig for skadar påførte dei elektriske anlegga og kostnader relaterte til manglande levering av kraft (avbrotskostnadar). Om det er grunnlag for å meine at ein skade har skjedd på bakgrunn av ei uaktsam handling under utføring av eit arbeid, vil dette og vere grunnlag for å krevje utgifter dekte.
Arbeid nær kabelanlegg (graving)
Før ein startar på eit gravearbeid må nettselskapet varslast for påvising av spenningsførande kablar. I slike tilfelle er det normalt å varsle i god tid før oppstart av gravearbeidet (normalt 10 dagar). Vi rår til at ein tek kontakt med nettselskapet direkte via skjemaet gravemelding. Om gravearbeidet er eit hasteoppdrag, må vakta til nettselskapet kontaktast på telefon 970 70 911.
Så snart nettselskapet er gjort kjent med varslinga, vil vi undersøkje om det er kablar i nærleiken av området det skal gravast i. Om det er kablar i nærleiken vil nettselskapet identifisere farar, fastsetje kva tryggingstiltak som må setjast i verk, og orientere om kva prosedyrar som må følgjast om eit uhell skulle skje. Nettselskapet dekkjer kostnadene med identifisering av deira kablar i bakken.
Om nettselskapet ikkje er varsla om arbeidet, vil utførande bli erstatningspliktig for skadar påførte dei elektriske anlegga og kostnader relaterte til manglande levering av kraft (avbrotskostnader). Om det er grunnlag for å meine at ein skade har skjedd på bakgrunn av ei uaktsam handling under utføring av eit arbeid, vil dette og vere grunnlag for å krevje utgiftene dekte.