Ledig stilling som Prosjektingeniør hjå Breheim Nett AS
Breheim Nett AS er nettselskapet til Luster Energiverk AS.
Du finn oss inst i Sognefjorden, omkransa av Jostedalsbreen i Nord og Jotunheimen i Aust.
Me har kontor i Gaupne og står for drift og vedlikehald av straumnettet i Luster kommune. Ein kommune med storslagen natur og gode kultur- og fritidstilbod.
Til å vera med å utvikla selskapet vidare søker me :
Prosjektingeniør Elkraft
Som vår nye prosjektleiar/prosjektingeniør vil du :
- Planlegge og prosjektere høg- og lågspent straumnett, med fokus på utvikling og standardisering av arbeidsprosessar.
- Leia prosjekt frå oppstart til ferdigstilling- både teknisk, økonomisk og praktisk.
- Sikre optimal prosjektstyring, inkludert oppfølging av montørar og entreprenørar.
- Delta i overordna vaktordning for Breheim Nett sine nettanlegg.
Me ser etter deg som er :
- positiv, strukturert og sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
- utdanning på bachelor- eller masternivå innan elkraft eller liknande fagområde.
- kandidatar med kompetanse bygt på praktisk erfaring kombinert med fagskule kan også vere aktuelle.
- erfaring med prosjektering og prosjektleiing- gjerne innan nettutbygging.
- førarkort klasse B.
Me tilbyr :
- konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
- fleksibilitet i arbeidskvardagen.
- moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med Kim Henrik Hatlevoll på telefon 402 32 880 eller Anders Molland på telefon 916 01 175.
Kortfatta søknad med CV kan sendast innan 15.januar 2025 til firmapost@lusterenergiverk.no