Breheim Nett sender ut ekstra betalingspåminning

Publisert av luster_admin

10.06.22, kl 09:30


Breheim Nett AS har no teke i bruk Let’s pay for kundar som ikkje har betalt fakturaen til forfall på bakgrunn av ulike omstender.

Let’s Pay er ei løysing frå Kredinor der ein betalingspåminning blir sendt ut på sms til kunde 1 veke etter forfall slik at de unngår å få ein overraskande purring/inkassovarsel i postkassen eller i nettbanken.
Viss betalingspåminninga ikkje blir betalt, blir det vanleg løp med purring/inkassovarsel og til slutt at det går til inkasso.

Meir informasjon om Let’s pay finn de på www.letspay.no

Ta kontakt med oss på 57682917 eller på e-post post@lusterenerginett.no om de har spørsmål!