Prisar for nettleige er utarbeidde etter «Forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og overføringstariffer» fastsett av N.V.E. med heimel i forskrift av 7. desember 1990 nr. 959 § 7-1, gitt i medhald av Energiloven.

Alle nettselskap fastset nettleiga til brukarane av nettet i sitt konsesjonsområde på bakgrunn av tillatt inntekt, som er fastsett av NVE. Både utforminga av nettleiga og nettselskapets totale nettleigeinntekter må vere i henhald til gjeldande regelverk.

I tråd med formålet i energilova er det eit mål at nettleiga så langt som mogleg utformast på ein måte som bidreg til ein effektiv ressursbruk på kort og lang sikt.

Nettleiga skal gje nettselskapa inntekter til dekning av kostnadar ved drift og vedlikehald, innanfor den regulerte inntekta som er fastsett av NVE. Nettleige vert også kalla tariffar.

Nettleige for dei føregåande åra finn de under: