Nøytralitetsrapport 2022 (Nye tal for 2022 er utheva samt i kursiv)
Breheim Nett er, som alle nettselskap, ein regulert monopolist som er underlagt mange lover og reglar, blant anna sett av Olje og Energidepartementet(OED) og Reguleringsmyndigheten for energi(RME). Det sentrale lovverket i denne samanheng er energilova og underliggjande forskrifter.
§8 – 1b Nøytralitetsrapport
Nettselskap som er omfatta av krav til selskapsmessig skilje etter energilova § 4 -6, skal offentleggjere ein årleg nøytralitetsrapport innan 3 månadar etter årsskifte. Rapporten skal vere lett tilgjengeleg på selskapet sine nettsider i minst 5 år og eventuelle endringar skal merkast på ein tydeleg måte.
Krav til nøytral framferd
Breheim Nett AS, med om lag 3865 nettkundar fordelt på konsesjonsområde som dekker Luster kommune, er underlagt forskriftsfesta krav til å opptre nøytralt overfor nettkundar, kraftleverandørar og produsentar.
Dette kravet gjeld for alle tilsette hjå Breheim Nett som gjennom sitt arbeid kan fatte vedtak og utføre handlingar som kan gje ein fordel til andre føretak innan konsernet eller andre selskap.
Det visast til følgande lover og forskrifter:
- Lov om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m. (Energilova), §4-6
- Forskrift om nettregulering og energimarknaden (NEM), §4-14
- Forskrift om måling, avrekning, fakturering av nettenester og elektrisk energi, nettselskapets nøytralitet mv, §1-1 Formål og kapittel 8
Organisering av selskapet
Breheim Nett AS er organisert som eit heileigd dotterselskap i energikonsernet Luster Energiverk AS.
Konsernet er eigd av 741 aksjeeigarar. Dei største aksjonærane er:
- Luster kommune 24,92%
- Luster Sparebank 17,02%
- Luster Almenning 2,50%
- Gjensidige 2,25%
Konsernet leverer administrative tenester, infrastruktur på nett og fiber, og entreprenør- og installasjonstenester.
Luster Energi Eigedom AS eig bygningsmassen kor heile konsernet er lokalisert, og leiger ut lokale til dei respektive selskapa.
Nettselskapet har ansvaret for drift og utvikling av kraftnettet. Forsyningsområdet er på 2707 km2.
Nettet består av 277 km 22 kV høgspentnett, 428 km lågspentnett og til saman 281 nettstasjonar.
Samla energiuttak er på 85 GWh etter fråtrekk for nettap. Breheim Nett leverte per 31.12.2022 straum til 3865 målepunkt.
Breheim Nett AS fekk nytt namn og ny logo i juni 2021 (tidl. Luster Nett AS). Dette var etter krav frå styresmaktene om å skilje nettselskap frå anna konkurranseutsatt verksemd i konsernet.
I samband med dette vart det utarbeida ny profileringsmanual, kjøpt inn nye arbeidsklede og nettselskapets bilar vart omprofilert. Nettselskapet si heimeside fekk nytt domene (www.breheimnett.no) og design endra i samsvar med ny profileringsmanual.
Breheim Nett si profilering og kontaktinformasjon skil seg tydeleg frå dei andre selskapa i konsernet.
Nettselskapets nøytralitet
§ 8-1a Interne rutinar for nøytral framferd
Nettselskap som er omfatta av krav til selskapsmessig skilje etter energilova § 4-6, skal ha interne rutinar for å sikre at selskapet overheld krava til nøytral framferd. Rutinane skal som eit minimum beskrive kva forpliktelsar knyta til nøytral framferd som gjeld for dei tilsette og leiing. I tillegg skal rutinane innehalde krav til regelmessig opplæring av dei tilsette og leiinga knyta til etterleving av nøytralitetskrava. Krav om selskapsmessig skilje inneheld krav og begrensningar til korleis styre og leiing er organisert i konsernet.
I konsernet Luster Energiverk AS driv morselskapet overordna eigarstyring og administrative fellestenester. Konsernet har felles sentralbord som er bemanna av Luster Energi AS, og kundehandsamar er godt kjend med at alle nettkundar handsamast likt, uavhengig av kraftleverandør.
Det utøvast også nøytralitet i forhold til kraftleverandørar. Det er kun Breheim Nett og kundehandsamar i konsernet som har tilgang til kundedata.
Nettselskapet har eige hovudnummer tilkobla konsernet sitt sentralbord, samt eigenbetjent vaktelefon.
Den nødvendige bevissheita rundt nettselskapets monopolrolle generelt vert oppfylt som ein del av dei løpande leiaransvaret i Breheim Nett.
Breheim Nett deler ingen stillingar med mor eller dotterselskap, men det blir kjøpt inn tenester frå andre selskap i konsernet.
Breheim Nett har objektive og ikkje diskriminerande tariffar for alle sine kundar. Tariffane er tilgjengeleg på Breheim Nett si heimeside.
I 2022 leigde Breheim Nett inn følgande tenester frå andre selskap i konsernet.
Luster Energi
2,2 årsverk er innleigd frå Luster Energi AS til Breheim Nett AS.
All datautveksling me har med kraftmarknadsaktørar går via ELHUB. Breheim Nett gjennomfører forretningsprosessar utan ugrunna opphald for alle kraftleverandørar som har kundar i konsesjonsområdet.
Breheim Nett har ikkje registrert nokon konkrete saker om brot på nøytralitet i 2022.
Breheim Nett AS
Gaupne, 30.juni 2022