Grunna feil hjå Statnett på overliggande nett vart det eit lengre straumutfall i Luster kommune samt andre deler av Sogn. Tidspunktet for utfallet var ca 1610 og alle i Breheim Nett sitt område hadde fått tilbake straum ca 1700.
Breheim Nett AS beklagar dei utfordringane det har medført våre kundar!
Me minner om at de kan fylgje uforutsette straumutfall samt planlagde straumutkoblingar på vårt eige straumutfallskart. Den grøne linken til kartet finn de på toppen av framsida vår eller ved å trykke dykk vidare her.
Ta gjerne kontakt med oss på tlf 57682917 eller på post@lusterenerginett.no viss det er spørsmål eller tilbakemelding.