Tekniske krav til produksjonsanlegg
Vi stiller tekniske krav til produksjonsanlegg, for at desse anlegga ikkje skal bidra til redusert spenningskvalitet i distribusjonsnettet. Det er blant anna krav til at eit produksjonsanlegg av sikkerhetsmessige årsaker skal kobles ut automatisk ved straumstans i vårt distribusjonsnett og også må bli liggande utkobla inntil normal straumforsyning igjen er oppretta av oss. Husk at alle produksjonsanlegg må meldast via ein autorisert elektroinstallatør og godkjennast av oss før tilkobling.
Tekniske krav
Tilknytning av produksjonsanlegg blir gjort etter REN-blad 342 «Tekniske funksjonskrav til tilknytnings- og nettleieavtale for innmatingskunder i lavspenningsnettet». REN-bladet baserar seg på europeisk norm EN 50549-1. Alle krav i REN-bladet skal følgjast når den europeiske normen anvendes, dette inkluderar dei nasjonale krava spesifisert i REN-bladet.
Dokumentasjon og ansvar
Det er kundens ansvar i samarbeid med installatør å sørge for at anlegget tilfredsstiller dei tekniske krav som er stilt for å kunne tilknytte produksjonsanlegg til distribusjonsnettet.
Ved utfyllelse av installatørmeldingen stadfestar installatøren at utstyret er sertifisert etter gjeldande krav, og at anlegget bygges i samsvar med gjeldande krav.
For installatør - vedlegg til installasjonsmelding
Som vedlegg til installasjonsmelding krevs:
- Datablad på vekselretter
- Konformitetserklæring