Informasjon om Norgespris

Publisert av luster_admin

26.06.25, kl 13:53

Informasjon om Norgespris

Stortinget vedtok 16.juni 2025 å innføre Norgespris frå 1.oktober 2025. 
Norgespris inneber at kundar skal betale 50 øre/kWh inklusiv mva pluss påslag og evt månadsbeløp til kraftleverandør. 
Norgespris vil fungere på same måte som dagens timesbaserte straumstønad ved at kunden får tilbakebetalt differansen mellom spotpris eks alle avgifter i den aktuelle timen i det aktuelle prisområde og prisen som Stortinget har vedteke(40 øre/kWh eks mva). 

Det er fortsatt usikker korleis innmelding på avtalen Norgespris vil foregå. 
Meir informasjon vil komme frå oss på heimesida og på sms i løpet av august/september. 

Regjeringa har lagt ut ei spørsmål/svar side på www.regjeringen.no. 
De kan trykke på følgande link for å komme dit, Regjeringen - Norgespris

God sommar!