Kva er ein HAN-port?

HAN-porten er det fysiske grensesnittet mellom din straummålar og tilkoblingsutstyr i din heim. HAN står for Home Area Network (heimenettverk).

Måleren tillet kun datatrafikk frå målaren og ut gjennom HAN-porten. Det er derfor ikkje mogleg å påvirke informasjon som ligg i din målar utanfrå.

Kva informasjon kjem ut av HAN-porten?

Det flyt ut mye informasjon frå HAN-porten om du som nettkunde åpnar HAN-porten for informasjonsutsending, men kor mykje informasjon som blir vist er avhengig av tilkoblingsutstyret du anskaffer. Tilkoblingsutstyr kan til dømes være ein smartheimsløysing som viser energiforbruk via ein applikasjon. Som eit minimum vil dei fleste leverandørar av tilkoblingsutstyr presentere ditt energiforbruk (kWh) med ein times intervall, samt ditt effektuttak (W). Det er viktig å merke seg at den informasjonen som flyt ut av HAN-porten gjeld totalforbruket for anlegget målaren er tilknytta, ikkje detaljar om kva straumen blir benytta til.

Kvar finner eg HAN-porten?

Du har ein målar fra leverandøren Aidon. Den raude pila på figuren nedanfor visar den vanlegaste plasseringa, men porten kan også være plassert et annet sted.

Dersom du er i tvil om kor/korleis du skal koble deg til HAN-porten, så har utstyrsleverandørane som nyttar informasjonsflyten frå HAN-porten ein god rettleiing for tilknytning til sin eining.

Korleis kan jeg ta HAN-porten i bruk?

Lesing og presentasjon av informasjon frå HAN-porten forutset at du anskaffar utstyr for dette føremålet. Det finnes løysingar som gjer data om ditt straumforbruk tilgjengeleg for presentasjon i ein nettlesar eller ein app på pc, mobil eller nettbrett.

HAN-porten er som standard stengt. Du må kontakte oss i Breheim Nett AS for å få den åpna. Før HAN-porten kan åpnast ber vi deg sende ein samtykkeerklæring knytta til fysisk sikring av HAN-porten. Dette er på bakgrunn av personvernhensyn. Du finn informasjon om korleis erklæringa fylles ut og kor den skal sendast inn på slutten på dette brevet.

Korleis kan eg vere trygg på at informasjonen som flyt ut av HAN-porten ikkje blir misbrukt?

Informasjon om straumforbruk er definert som personopplysingar etter personopplysningsloven. Derfor blir HAN-porten haldt stengt av nettselskapet inntil du som kunde stadfestar at den er tilstrekkelig sikra i samband med den risiko for at uvedkommande kan koble seg fysisk til din straummålars HAN-port for informasjonsuthenting.

Informasjon som flyt frå utstyret til din valde leverandør av tilkoblingsutstyr og vidare til ditt heimenettverk, bør også være sikra med fysisk nettverkskabel eller gjennom passordbeskytta trådlaust nettverk. Sjekk gjerne med din leverandør av tilknytningsutstyr om informasjonstryggleiken i løysinga. Tilsynsmyndighet for straummålarar, NVE vurderar for tida om det er nødvendig å kryptere dataflyten ut av HAN-porten, men inntil vidare blir dataflyten sendt ut av HAN-porten ukryptert.

Nedanfor finn du ein tabell over kva informasjon som flyt ut gjennom HAN-porten, og kor ofte.

Sendeinterval

Informasjonselement

Kvart 2,5 sekund (*)

Aktiv effekt (kW)

Kvart 10 sekund

· OBIS liste versjon, Måler ID og målertype
· Aktiv effekt (kW) x 2 (= import og eksport)
· Reaktiv effekt (kVAr) x 2
· Strøm (A) x 3 (L1, L2 og L3)
· Spenning (V) x 3 (alle faser)

Kvar 1 time

· Aktiv energi (kWh) x 2 (= import og eksport)
· Reaktiv energi (kVArh) x 2
· Klokke og dato

(*) Frekvensen for uttak av aktiv effekt kan endrast til maksimalt 10 sekundar om det føreligg begrensningar som hindrar ein høgare oppdateringsfrekvens.

Kven tilbyr system som nyttar informasjonsflyten ut av HAN-porten?

Det finst ein rekke tilbydarar av løysingar som presenterer informasjon henta via HAN-porten, gjennom ulike applikasjonar som er tilgjengeleg via telefon, nettbrett og/eller PC/Mac. Fleire vil komme til etterkvart som marknaden for slike tenester utviklar seg, og du finn ei liste over leverandører på Norsk Elektroteknisk Komite (NEK) si nettside.

Korleis kan eg stenge av informasjonsflyten frå HAN-porten etter eg har åpna den?

For å stenge av informasjonsflyten tek du kontakt med oss via epost eller telefon, på same måte som ved opning av porten. Husk å gje opp målarnummeret på den målaren du ynskjer at me skal stenge informasjonsflyten frå. Du vil få ein stadfesting per epost når HAN-porten er stengt.

Dersom du seier opp nettavtalen eller flytter, vil informasjonsflyten fra HAN-porten bli stengt igjen utan at du treng å ta kontakt for dette.

Samtykkeerklæring – Åpning av informasjonsflyten ut av HAN-porten

Dersom du ynskjer at nettselskapet åpnar for informasjonsflyt ut av HAN-porten, fyll ut skjemaet og send det inn via kontaktskjema på våre heimesider:

  1. Bruk følgande overskrift med «Samtykkeerklæring – Åpning av informasjonsflyt ut av HAN-porten»
  2. Klipp følgande tekst inn i kontaktskjema, og bytt ut det som står i parentes med relevant informasjon:

Eg, <nettkundes namn>, stadfestar med denne eposten at eg er kjent med det tryggleiksmessige aspektet ved at informasjonsflyten ut av HAN-porten sendes ukryptert (ref. informasjonsskriv fra nettselskapet om åpning av informasjonsflyten ut av HAN-porten), og bekrefter at HAN-porten er tilstrekkelig fysisk sikra til at nettselskapet kan åpne for informasjonsflyten. Eg er også inneforstått med at nettselskapet ikkje tek ansvar for 3. partsutstyr som blir kobla på HAN porten.

Åpninga gjeld for målar med målar-id <målar-ID>, på adresse <adresse hvor målaren står>

Vennligst åpne for dataflyt så snart som mogleg.

De kan lime denne inn i kontaktskjemaet som de skal sende inn.

Tips! Du finn målar-id som vist på dette bilete.

Nyttige lenker

https://www.nek.no/info-ams-han-brukere/

http://publikasjoner.nve.no/rapport/2018/rapport2018_70.pdf