Velkomen til Breheim Nett AS

Breheim Nett AS er det nye nettselskapet til Luster Energiverk AS.

Breheim Nett finn du inst i Sognefjorden, omkransa av Jostedalsbreen i Nord og Jotunheimen i Aust.
Me har kontor i Gaupne og me står for drifting og vedlikehald av straumnettet i Luster kommune. Straumnettet omfattar både høgspenningsnettet som overfører straumen, og lågspenningsnettet som fordeler straumen til kvar kunde.

Straumnettet vårt i Luster består av 202 km med høgspentlinjer, 74 km med høgspentkabler i bakken, 257 km med lågspentlinjer og 161 km med lågspentkabler i bakken.

Informasjon om norgespris

Norgespris innføres som ein del av den norske kraftmarknaden. På denne sida finn du offentleg informasjon som skal veilede nettkundane om ordninga.
Tinging av Norgespris blir tilgjengelig her når løysinga åpnar, seinast 27. september 2025.

KI-assistent klar til bruk hjå Breheim Nett

Breheim Nett sender ut ekstra betalingspåminning

Ynskjer du å installere ladar for elbil heime?

Nettkunde

Som nettkunde hjå oss, gjev vi deg full oversikt over alt du treng å vite om ditt forbruk, og dine betalingar. Slik at du kan føle deg trygg på kva du gjer. På mi side har du tilgang til:

Originale fakturaer frå Breheim Nett

Ferske måleverdier

Informasjon om målepunktet ditt

Skal du bygge?

Dersom du skal bygge eller restaurere hus, hytte eller næringsbygg er det viktig å planlegge tilførsel av straum på eit tidleg tidspunkt. For å få rett dimensjon på inntakskablar, trekkerøyr og jording er det viktig å ta kontakt med både nettselskap og elektroinstallatør tidleg i planleggingsfasen.