
Ny nettleigemodell frå 1.juli 2022
Stortinget har vedteke at alle straumkundar i Norge skal få ny nettleige fra 1. juli 2022. Målet er å få oss til å bruke straum smartare, og for å spare pengar og miljøet.
Breheim Nett AS må også endre nettleigestrukturen og me føl same modell som flesteparten i bransjen har. Me som selskap vil ikkje tene noko meir som følge av denne endringa, inntekta er strengt regulert av Styresmaktene. Totalt sett skal ikkje forbrukarane betale meir enn før, men den som brukar straum smartare vil kunne spare pengar. Den som ikkje tilpassar seg kan risikere å måtte betale noko meir. Energisparande tiltak vil fortsatt lønne seg og det er eit ledd i å gjere forbrukarane meir bevisst på forbruket sitt.
Våre tariffar frå 1.juli 2022 ligg her
Kundar under 100000 kWh i årsforbruk
Kundar over 100000 kWh i årsforbruk
Energi Norge har laga ei nettside og ein video om korleis den nye nettleigestrukturen påverkar deg som kunde.
Klikk her for å sjå nettsida
Ta gjerne kontakt med oss på 57682917 eller post@lusterenerginett.no om det er noko de lurer på!